Fermate

Et sted for frihet og forandring Ressurssenter for sjelesorg og veiledning

Nytt sjelesorgsenter på Sunnmøre

Iris Vartdal Clausen og Anne Line Dahl Jerstad

Saman med Normisjon region Møre og frikyrkja på Sunnmøre har Sunnmøre Indremisjon ei tid arbeidd med å starte opp sjelesorgsenteret Fermate Sunnmøre.

Fermate Sunnmøre har avtale med Fermate Oslo som har sitt utspring frå Høgskolen Diakonova og Normisjon, men vi har stor fridom innanfor denne avtalen til å legge opp arbeidet lokalt etter det behov og dei ynskjer som eigarane har.

Vi ynskjer at dette skal vere eit resurssenter der folk får hjelp til sjelesorg og at vi også kan tilby ulike kurs til forsamlingar og foreiningar.

Basis og verdigrunnlaget til Fermate Sunnmøre seier:

Ressurssenteret bygger sin virksomhet på Guds ord og DNK bekjennelsesskrifter”.

Her vil vi i tillegg presisere; Vi ønsker et eierskap og et styre som kan stå for synet om at ”vi tror ekteskap mellom en mann og en kvinne er Guds ønske for samliv” og ”Vi tror på livets ukrenkelighet fra unnfangelse til død”.

Etter planen vil Iris Vartdal Clausen og Anne Line Dahl Jerstad arbeide i kvar sine 20 % stillingar frå slutten av dette året.

Fermate Sunnmøre er foreløpig organisert som eit to-årig prosjekt og i kva grad det er mogleg å skaffe inntekter til senteret vil avgjere om det vert permanent.

Dette er to kvinner som både har fagleg kompetanse og erfaring med sjelesorg og som vil møte menneske som har behov for vegleiing og sjelesorg på ein trygg og god måte.

Vi vil seinare kome med meir informasjon om Fermate Sunnmøre, men alt no oppmode om å bruke dette viktige tilbodet.

Tekst og foto: Karl Arne Austnes

Skriv en kommentar

  

  

  

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>